Nyheter
Arrangement
Basic principles
Forbønnssamtale
Historikk
Hva er HgK?
Kontakt
Lenker
Salmer og bønner
Vedtekter og forskrifter
Vitnesbyrd

Ansvarlig redaktør:
Hans Thore Løvaas

Vitnesbyrd

Den 5. mai 2000 stod det et intervju med en av "veteranene" i Helhet gjennom Kristus i avisen Dagen. Det stod under overskriften "Vil hjelpe, slik ho sjølv har fått hjelp". Intervjuet er holdt av Kari Fure.

For å lese hele intervjuet, trykk på bildet (433 KB stort). Her er et utdrag:

Solvor Grande Øygard deler visjonen til den internasjonale sjelesorgsrørsla "Helhet gjennom Kristus": At kristne skal bli løyste, sette fri og bli meir heile som menneske. Slik at dei kan keggje av det som tyngjer, og bli frigjorde til teneste.

- Mange slit med ting som er tungt og vanskeleg, og som gjer at ein har vanskar med å fungere, svarar Solvor når vi ber henne forklare nærare.

- Det kan vere ting vi har gjort sjølve, eller som andre har gjort mot oss, slik at vi treng å be om hjelp til å tilgje. Nokre slit til dømes med falsk skuldkjensle og treng hjelp til å plassere skuld, seier Solvor.

- Får ein ikkje hjelp, kan slike ting setje seg fast. Avvisning i barndomen kan gje eit dårleg sjølbilete i vaksen alder. Og om du gang på gang har fått høyre "dette klarer du aldri", kan dette binde deg slik at du får liten sjølvtillit seinare i livet, seier ho for å illustrere.

- Vi må få eit rett sjølvbilete; sjå oss sjølve slik Jesus ser oss, legg ho til. Å hjelpe det einskilde menneske er viktig for "Helhet gjennom Kristus". Like viktig er det å frigjere til teneste.

- Når vi får hjelp for det vi sjølve slit med, kan vi etterkvart trøyste andre med den trøyst vi sjølve har fått ta imot. Dette ser vi gang på gang: Folk får nytt frimod og eit rikare liv etter at dei har fått lagt av noko av det som stengjer, seier Solvor.

Fekk hjelp i India

Ganske tilfeldig fekk Solvor Grande Øygard vite om "Helhet gjennom Kristus" - eller "Victorious Ministry through Christ" som er det opprinnelege namnet på den verdsfemnande økumeniske sjelesorgrørsla.

I 1983 reiste ho til India på språkstudier. Ho var tilsett i Kristent Innvandrararbeid, KIA, hadde fått eit reisestipend og skulle studere hindi for å kome betre i kontakt med kvinner frå India og Pakistan.

- Under studieopphaldet oppstod det ein situasjon der eg trong forbøn. Difor kontakta eg ein kvinneleg medstudent frå Australia. Denne studenten fortalde korleis ho sjølv hadde fått hjelp av forbønsamtalar gjennom "Victorious Ministry through Christ" og meinte eg ville ha nytte av dette i tenesta mi.

- Ja! Ein slik samtale vil eg ha, var den spontane reaksjonen min, fortel Solvor.

Den følgjande laurdagen vart sett av til henne. Eit ektepar skulle ha forbønsamtalen med henne, den australske kvinna sat bønevakt, medan mannen hennar passa barna til begge familiane. Samtalen varte i fem timar.

- At andre sette av så mykje tid til å samtale med og be for meg, var overveldande. Eg var mest van med å be for andre, fortel Solvor.

- Men det største var at eg fekk sett namn på ting eg aldri før hadde fortalt til nokon. Eg fekk vedkjent synd og fekk forlating for syndene. Det var frigjerande.

Skriftemål

Forbønsamtalane er sentrale hjå "Helhet gjennom Kristus". Vanlegvis blir det sett av fire timar til ein slik samtale. Til stades er den som har bede om samtale, og to forbedarar - alltid ein mann og ei kvinne.

Medan forbønsamtalen pågår, har andre bønevakt der dei bed om at den som søkjer forbøn får hjelp, at forbedarane får visdom og at dei må vere opne slik at nådegåvane kjem i funksjon. Dei ber også om vern, både for dei involverte i forbønsamtalen, for familiane deira og for kyrkjelyden.

Kvar forbønsamtale har visse hovudpunkt. Dei som søkjer hjelp får ta opp det dei ønskjer. Forbedarane ber om lækjedom for indre sår og om fridom frå ting som bind ein. Det blir også bedt for relasjonar som treng å bli meir heile - relasjonane til Gud, til andre menneske og til seg sjølv.

- No er det ikkje slik at alt straks blir bra, berre ein får gått til ein forbønsamtale, understrekar Solvor. - Noko blir ein løyst frå der og då, andre ting tek lenger tid. Uansett blir det sett i gong ein prosess.

Det som skil ein forbønsamtale hjå "Helhet gjennom Kristus" frå mykje annan sjelesorg, er vektlegginga på bøn. Skriftemålet er også ein viktig del av samtalen.

- Bekymringar og dårleg samvit tærer på kreftene. Det stel tid og merksemd. Difor er skriftemålet så genialt. Her kan ein med vitne tilstades vedkjenne synd og få syndene tilgjevne.

- Det med vitne er viktig. Vi veit alle i teorien at vi blir tilgitt, når vi ber om tilgjeving. Likevel kan det vere vanskeleg å stole heilt på det. Når vi ikkje blir kvitt anklagen, er det til stor hjelp å bekjenne det høgt og få høyre at du er tilgitt.



Nyheter | Arrangement | Basic principles | Forbønnssamtale | Historikk | Hva er HgK? | Kontakt | Lenker | Salmer og bønner | Vedtekter og forskrifter | Vitnesbyrd

Sidene ble sist endret/oppdatert 31. august 2009 22:13 +0200.
Lavest anbefalt oppløsning: 1024x768 (32 bit)